Tonje Engevik vart historisk!

Publisert
30. juli 2013
Bilde

Under årets Taekwon-Do sommarleir på Vikahaugane for barn og ungdom graderte Tonje Engevik seg til svart belte. Dermed vart ho historisk for Stord taekwon-Do klubb. Ho er nemleg med sine 14 år, tidenes yngste utøvar i klubben som klarar dette.  Ho har trent målretta sidan ho var 7 år, og klarte graderinga med glans. Ho overbeviste sensorane med både rå styrke, presis teknikk, god kondisjon og imponerande sparring. I tillegg måtte ho svare for seg i Taekwon-Do teori og historie.

Sommarleiren på Vikahaugane samlar kvart år barn og ungdom frå heile landet for trening og sosiale hendingar siste veka i juni. Der vert dei trena av dei høgast graderte i Hordaland. Tonje har vore deltakar på sommarleiren fleire gonger, og ho har følgt den lokale klubben sine treningar trufast, og i tillegg fungert som hjelpetrener i klubben.

Frode Hammer, som er hovedinstruktør i klubben, melder at Tonje er, og har vore ein svært viktig ressurs for klubben. Han har følgt henne heilt i frå den spede starten, og er svært stolt og glad på hennar vegne. "Dette har ho verkeleg fortent", seier han. "Ho er ei inspirasjonskjelde for alle klubben sine medlemmar". Han seier vidare at klubben no har ei nedre aldersgrense på 8 år, så kanskje vert Tonje sin rekord ståande.

Stord Taekwon-Do klubb trenar no i gymsalen på Leirvik skule, og har ei medlemsmasse på omlag 40 medlemmar. Klubben er 20 år i år, så dette var ei høveleg jubileumsmarkering. Klubben ønskjer seg fleire ungdommar og vaksne, så ved oppstarten i slutten av august vil nye medlemmar over 12 år få to veker gratis prøvetid.

 

Vigdis Haga.