Påskegradering

Publisert
9. mars 2026

Tirsdag 17.mars vert det påskegradering i gymsalen på Leirvik Skule. Tidspunktet er ikkje heilt avklara enno, men vert anten kl.18 eller kl.19. Me sender ut melding til medlemmene når me har fått svar på leige av gymsalen. Denne graderinga er for medlemmer i alle aldrar med kvitt og gult belte, samt dei med grønt belte som trener to gongar per veke. Familie og venner er velkomne til å sjå på graderinga. Det er og kjekt om medlemmer som ikkje skal gradere vil komme og sjå på. Lykke til!