Sosialt i Skummelløypa🎃🎃🎃

Publisert
21. oktober 2025
Vedlagte filer

Heisann! 
Styret og instruktørane vil invitere store og små medlemmer til sosial kveld i Skummelløypa på Litlabø, onsdag 5.november kl.17.30-19.00🎃

Adresse: Litlabøvegen 331, 5417 Stord

Me fyrer i gong bålpanne der me grillar pølser og marshmallows. Klubben stiller med mat og drikke. Så vert det tur i skogen i Skummelløypa der det vil dukke opp mykje skumle figurar undervegs. Løypa tek 10-15 minutt å gå gjennom og ein kan gå så mange rundar ein vil. Fyrste runden går ein i lag 2-3 personar og dei yngste går i lag med ein vaksen/ungdom. Etterkvart styrer ein sjølv kor mange som går i lag. Dette vert veldig kjekt og litt skummelt🎃🎃🎃  

Hugs å kle dykk etter været🌦️
 

Fint om de kan gi ei tilbakemelding på sms (99224502) eller e-post katrin@stordtkd.no om de ynskjer å bli med. Gi òg gjerne beskjed om me må ta hensyn til allergiar. Me kjøper inn både vanlege grillpølser og kyllingpølser. 
 

Vennleg helsing instruktørane og styret🎃