Oppstart av haustsemesteret🥋🥋🥋

Submitted by
Katrin Aase
Publisert
15. august 2024

Me vil ønska velkommen både nye og «gamle» medlemmer til nytt treningssemester! Me startar opp med ungdom/vaksenpartiet på torsdag 22.august kl.19-20.30. Barnepartiet startar opp att mandag 26.august kl.18-19.00. 
 

Om nokon har lyst til å prøve seg på Taekwon-Do eller sjå kva me driv på med, er det berre å komme innom på trening😊

Barnepartiet (7-11 år) trener mandagar kl.18-19.00

Ungdom/vaksenpartiet (12år til vaksen) trener mandagar og torsdagar kl.19-20.30

Taekwon-Do passar for dei fleste og du er aldri for gammal eller for dårleg trent til å begynne hos oss. Alle trener på sitt eige nivå og utvikler seg i sitt eige tempo😊 To gratis veker med trening for alle som vil prøve seg hos oss🥋